Bil av vegen på Ellingsøy

Forklarer at dei ville unngå kollisjon med møtande bil.

Dei to i bilen var på veg austover på Ellingsøya, og forklarte til politiet at dei ville unngå kollisjon med ein bil som tok ei forbikøyring.   Foto: Torbjørn Eidhammer

Ålesund og omland

Torsdag ettermiddag rykka ambulanse og politi ut til ein bil som køyrde utfor vegen ved Slotsvika på Ellingsøy.

Dei to i bilen forklarte til politiet at dei køyrde i grøfta for å unngå kollisjon med ein møtande bil som foretok forbikøyring, og at den møtande bilen ikkje stoppa men køyrde vidare mot Kverve. Det skal ha vore ein liten kvit bil med kvinneleg sjåfør.

- Ingen personskade, opplyser politiet på Sunnmøre på Twitter.