Fredag kveld fekk Sven Inge Molnes på Vigra besøk av eit rådyr i hagen. Samtidig var kattungen på åtte-ni månader i nabohuset ute og gjekk.

Sjølv om det var i kveldinga, greidde Molnes ta fleire bilde av møtet mellom dei to dyra. Det er mykje rådyr på Vigra. Men nærkontakt mellom rådyr og katt har han aldri høyrt om før.

Rådyr og katt

– Eg heldt på rundt huset, såg rådyret og tenkte «flott, eg skal gå inn og hente kamera». Så oppdaga eg at også nabokatten var der, fortel Molnes.

Først stod katten og rådyret og berre såg på kvarandre. Så vart dei leikne og sprang etter kvarandre, fortel Molnes.

Leika

Sidan det var i kveldinga, var det mange bilde som vart litt uklare.

– Det vart så mykje fart. Dei sprang etter kvarandre, stonga og hoppa. På dei andre bilda ser vi berre fartsstriper, fortel han.

Men nokre bilde vart vellukka. Sjå bildeserien over.

– Var det leik eller var det forsvar?

– Først var det leik. Så gjekk det meir over til forsvar, meiner Molnes.

Vart for nærgåande

På bildet der dei to har augekontakt bøyer rådyret seg ned. Samtidig kipper katten seg og tar fram klørne.

– Rådyret bøyer seg ned. Dermed kipper katten seg. Det gjekk så fort, men det såg ut som at katten klora seg fast i bakpartiet til rådyret, fortel Molnes.

– Til slutt vart rådyret ståande att, medan katten stakk heim til eigaren sin i nabohuset, der han fekk kome inn.

Mange tilbakemeldingar

Molnes seier han stod 15-20 meter unna, på verandaen sin, og såg rett bort på dei. Sjølv har han aldri opplevd liknande før.

– Eg har høyrt med litt eldre folk også, og har fått utruleg mange tilbakemeldingar på Facebook. Det er ingen som har sett noko liknande, seier Sven Inge Molnes på Vigra