Til NRK Møre og Romsdal seier 23-åringen at han vil opp på lista:

– Ved førre stortingsval sto eg som nummer tre på lista. No ønskjer eg å stå på enten første eller andreplass, seier Simon Molvær Grimstad til NRK.

Lokalpartia har frist til 6. september med å levere inn sine kandidatar. Knut Støbakk frå Giske er leiar i nominasjonskomiteen i KrF Møre og Romsdal.

Sjå Molvær Grimstad vise fram heimbygda si Emblem: «Nå jeg kommer hjem hit fra Oslo, blir et tomrom fylt i hjertet mitt»

Noverande stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide har sagt at ho ikkje stiller til ein ny periode.

May-Helen Molvær Grimstad, mor til Simon, sat på Stortinget frå 1993 til 2009. Ho var 25 år da ho starta sin første periode på Stortinget.