Ei trafikkulykke på fylkesveg 656 mellom Magerholm og Glomset gjorde at vegen var stengt.

– Ein personbil har køyrt av vegen. To personar er skadd, tilsynelatande ikkje livstruande, opplyser politiet.

Det var omkøyring via E39. Politiet sende ut første melding om vegstenging klokka 08.17.

Også Ålesund brannvesen rykka ut til ulykkesstaden.

Klokka 08.48 melder politiet at to personar er køyrd til sjukehus, tilsynelatande lettare skadd.

Forbikøyring i høg fart

I følgje politiet skal ein eldre svart Mercedes ha gjort ei forbikøyring i høg fart. Denne kan ha vore medverkande til ulykka.

- Politiet ber difor førar av denne bilen eller vitner ta kontakt, skriv operasjonssentralen på Twitter.

Politiet trafikken blei dirigert manuelt forbi ulukkesstaden, klokka 09.23  blei vegen igjen opna for normal ferdsel.

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix