Måndag kom forslaget til ny kommunestruktur frå fylkesmannen i Møre og Romsdal. Det peikar på kort sikt mot ei storkommune der Skodje går saman med Ålesund, Sula, Giske, Haram og delar av Sandøy. På lengre sikt vil fylkesmannen også ha med Ørskog, Stordal, Norddal og Sandøy.

Skodje-ordføraren peikar på at dei er ein liten kommune og seier han difor set pris på at fleire av de mindre kommunane er med i forslaget til ny storkommune.

Interaktive kart: Vil gå fra 36 til sju kommuner på lang sikt

Få oversikt: Les alle kommunereform-sakene her

– Får ei stemme

Han trekk fram at det politiske engasjementet ofte er større i randsoner, og får meir makt enn folketalet skulle tilseie. I Skodje er Engesetdalen, Stette og Glomset døme på stader som er overrepresentert i kommunestyret, ifølgje Tennfjord.

– Så du trur ikkje at Skodje totalt sett får mindre å seie samanlikna med i dag?

– I den grad vi veks og blir større, så blir interessene våre teke meir i vare. Men poenget er at vi allereie har ein felles region, og i dag har vi ingen påverknad på det som skjer ute i Ålesund. Med dette får vi også ei stemme, men vi er ikkje større enn at innbyggjartalet bestemmer, svarar han.

– Trenger slagkraft

– Blir nye Ålesund kommune stor nok?

– Sjølv i tilrådinga til Solholm er nye Ålesund framleis ein ganske liten kommune. I storleik som ein romsleg bydel i Oslo.

– Eg meiner, særleg i lys av regionreforma, at det er kjempeviktig at ein greier å samle i kommunane i såpass store einingar at dei er slagkraftige i nasjonal samanheng, seier han.

– Synest du fylkesmannen har tenkt likt som i arbeidet med intensjonsavtalen om storkommune med Ålesund?

– Ja, for så vidt. Eit av dei store poenga med reforma er jo å samle randkommunane rundt byane som ein del av ein felles bu- og arbeidsregion. Det har fylkesmannen gjort med tilrådinga, men slik eg ser det har han kanskje vore litt snever i sirkelen innover, seier han.

Glad for at Haram er med

Tennfjord set spesielt pris på at også Haram er integrert i nye Ålesund kommune i fylkesmann Lodve Solholm si tilråding.

– Haram er nummer to for oss etter Ålesund når det gjeld pendling og arbeidsplassar, seier Tennfjord.

Skodje-ordføraren seier han kanskje er mest overraska over at Solholm, i forslaget på kort sikt, peikar innover fjorden for Ørskog.

– Dersom ein ser på korleis dei pendlar og flyttar på seg i kvardagen er det mykje meir utover enn innover, seier han.

Fleire reaksjonar (alle sakene krev innlogging)

Norddal-ordførar: – Sjansane for regjeringsskifte har auka mykje i løpet av dagen

Lunka stemning på kjøpesenteret i Ørsta

Misnøye i Sula: – Vi er jo nysingle

Godt mottatt i Ulstein: – Dette ser fornuftig ut

Ålesund-ordføreren fornøyd, men ser utfordringer