Med på samarbeidet er Giske IL, Godøy IL, IL Valder, Vigra IL, og Vigra Valderøy pistolklubb, i tillegg til Frivilligsentralen og kommunen. Første dag med open hall er førstkommande sundag, melder kommunen i ei pressemelding.

Kultursjef Frode Synnes spent på responsen

Kultursjef Frode Synnes i Giske kommune seier at dei ofte får høyre at dei har for lite tilbod til innbyggarane på vinteren.

Han fortel at tilbodet er opent for alle, men er særskilt retta mot familiar med barn og unge.

Stiller med aktivitetsleiarar

Tilbodet går fram til påske og det vil rullere kiva for ein hall som er open på sundagane.

– Vi legg opp til aktivitet på alle øyane, men med ei rullering slik at flest muleg høve til å delta utan at ein må bevege seg langt vekk frå der ein bur, uttaler Synnes.

Folk kan ta del i ulike aktivitetar i hallane desse dagane. Laga stiller med ansvarlege vaksne personar som har erfaring som aktivitetsleiarar. Barn opp til 4. klasse skal ha følgje av foreldre eller føresette.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Her er lista over dei opne idrettshallane og ansvarlig idrettslag:

* 6. november: Godøyhallen, Godøy IL

* 13. november: gymsalen ved Giske skule, Giske IL

* 20. november: Vigrahallen, Vigra IL

* 27. november: Giske kommunale idrettshall, IL Valder og Vigra Valderøy pistolklubb

* 4. desember: Godøyhallen, Godøy IL

* 11. desember: gymsalen ved Giske skule, Giske IL

* 18. desember: Giske kommunale idrettshall, IL Valder og Vigra Valderøy pistolklubb

* 8. januar: Godøyhallen, Godøy IL

* 15. januar: Giske kommunale idrettshall, IL Valder og Vigra Valderøy pistolklubb

* 22. januar: gymsalen ved Giske skule, Giske IL

* 29. januar: Vigrahallen, Vigra IL

* 5. februar: Vigrahallen, Vigra IL

* 12. februar: Godøyhallen, Godøy IL

* 19. februar: Giske kommunale idrettshall, IL Valder og Vigra Valderøy pistolklubb

* 26. februar: gymsalen ved Giske skule, Giske IL

* 5. mars: Vigrahallen, Vigra IL

* 12. mars: Giske kommunale idrettshall, IL Valder og Vigra Valderøy pistolklubb

* 19. mars: Godøyhallen, Godøy IL

* 26. mars: gymsalen ved Giske skule, Giske IL

* 2. april: Vigrahallen, Vigra IL