Ålesund

Bankskøyta får ikkje heite «Storeggen»

«Storeggen av Aalesund» kan forvekslast med fiskebåten «Storegg», meiner Sjøfartsdirektoratet. Den nybygde bankskøyta som blei døypt i sommar, risikerer å måtte bytte namn.

storeggen: Bankskøyta «Storeggen av Aalesund», som nok berre blir kalla «Storeggen» i daglegtale, må finne eit anna namn, meiner Skipsregister-avdelinga i Sjøfartsdirektoratet. Dei to namna er for like. Arkivfoto: Staale Wattø 

Ålesund og omland

– Eg kan bekrefte at Skipsregisteret har avvist å registrere «Storeggen av Aalesund» som namn på båten, seier Jon Ketil Gjørtz, forretningsførar for Stiftelsen Kjell Holm som har finansiert båten.