Utvikling av gang- og sykkelvegar, gateterminal i Keiser Wilhelmsgate og trafikalt knutepunkt i Campusområdet er mellom prosjekta som kan få pengar. 25 millionar kroner skal delast mellom byane Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg vidareførar ein prosjektet "Byen som regional motor" i fire år.

Prioritert område

Ungdommene bak kunstverket i sentrum – Vi trenger flere grønne parker i sentrum – Vi håper folk vil reagere positivt, sier jentene som har vært med på å bygge gateterminalen.

- By­ og regionsutvikling er eit prioritert område i fylkesplanen dei komande åra, og dette vedtaket vil styrke regional utvikling i Møre og Romsdal. Skal fylket framstå som konkurransedyktig, må vi ha attraktive byar, seier prosjektleiar Kjersti Hasselø i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Samarbeid mellom byane

Byutvikling i Ålesund: Bygger vannskulptur - i tre – Vi har 20 kilometer med treplanker. Det holder et godt stykke.

Dei fire siste åra har ‘Byen som regional motor’ lagt vekt på å utvikle eit godt samarbeid mellom byane og bygge ein felles læringsarena. Gehl Arcithects og PWC har vore innleigd som ekstern fagkompetanse. Prosjektet har støtta lokale tiltak med 16,4 mill. kr til analysar, utgreeiing og kortvarige stunts. Fylkeskommunen kan støtte tiltak opp mot femti prosent av totalsummen.

Gjennomføring

Til saman har prosjektet utløyst 64 mill. kr til byutviklingsprosjekt frå kommunar og andre samarbeidspartar. I neste fase skal ei rekke tiltak realiserast. ­ No skal byane gjennomføre tiltaka dei har utgreidd, og det kjem til å bli synlege endringar i bybildet, seier Hasselø.

Bymotor Prosjektet vart rigga på eit bakteppe av netto utflytting, kvinneunderskot, aldrande befolkning og fallande fødselstal i Møre og Romsdal. Målet har vore å styrke konkurransekrafta til fylket og utvikle attraktive byar. Prosjektet ser byane som regionale nav, og at vekst i regionsenter bidrar til positiv utvikling i omlandskommunane, heiter det i pressemeldinga frå fylkeskommunen.

Kjersti Hasselø ved Møre og Romsdal fylkeskommune.
F.v.Martine Steffensen, Aurora Nordset, Amalie Grindvik, Sølvi Kristin Refvik, Tonje Øvstegård og Anne Marte Folstad. Sistnevnte er ikke Borgund-elev, men står og venter på bussen. – Det er spennende å se hvordan byen utvikler seg, sier hun. Foto: Staale Wattø