Det ikkje alle veit er at den analoge kringkastingshistoria starta i Ålesund. Hausten 1924 starta dei første prøvesendingane med ein radio- telegrafisendar mellom fiskebåtar og land.

– Ålesund har spelt ei viktig rolle i den analoge kringkastingshistoria, seier Jon Hildre, leiar i venneforeninga for Vigra kringkastar.

Nei, nei og nei

Etter at NRK stengde sitt analoge nett, meiner venneforeninga at det er endå viktigare å ta vare på og formidle historia.

Venneforeninga har i årevis kjempa for å få til eit teknisk og kulturelt museum for analogkringkasting av radio og tv på Vigra, men har hittil jobba i sterk motvind.

Både NRK, Telenor og Norkring har vore eigarar av bygningane, men ingen har hittil vore villige til å bidra med pengar.

– NRK har sagt at dei ikkje vil bidra, noko som er skuffande. Telenor har sagt at dei ikkje vil betale alle kostnader, så lenge staten har seld seg ned i selskapet. Og Norkring har tidlegare forsøkt å få riveløyve, noko som heldigvis blei avvist, forklarer Hildre.

Venneforeningen har fått 100.000 kroner frå Sparebanken Møre til innkjøp av varmepumpe og 80.000 kroner frå fylkeskonservatoren til nødvendig utvendig vedlikehald.

– Men dette rekk ikkje lenger enn til å stoppe vasslekkasje frå taket og pusse murveggar. Dersom vi skal pusse opp bygget krevst heilt andre summar. Vi er i kontakt med rikspolitikarar som vil ta saka og vi vil jobbe vidare med dei, men hittil har vi altså ikkje fått ut midlar. Og no hastar det, seier Jon Hildre.

Unikt i landsmålestokk

Og Riksantikvaren har ikkje motsett seg riving av sendarbygget. Riksantikvaren har hatt fokus på sjølve sendarbygget og ikkje den viktige nasjonale kringkastingshistoria som Vigra kringkaster er ein del av.

– Vigra kringkastar er den einaste av fire nasjonale storsendarar som framleis kan takast vare på for ettertida. Det er også den lengstlevande kringkastaren i Norge, heilt frå 1935 og fram til 2011. Her har vi ei fantastisk moglegheit til å vise historia til det analoge nettet, utviklinga i radio og tv- apparata og NRK si historie, seier Jon Hildre.