Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, kom til årsmøtet i Sunnmøre Mållag laurdag.

Han snakka om det som er eit viktig tema i lokallaget, nemleg bruken av nynorsk i den nye storkommunen Ålesund.

– Det er heilt naturleg at nye Ålesund kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk, fordi alle dei andre kommunane som er med i samanslåinga er nynorskkommunar, seier leiar Aasbrenn.

– Her snakkar vi om å vise respekt for ein kulturell samanheng. Ålesund er den største byen på Sunnmøre, og i eit fylke som nett har vedteke nynorsk administrasjonsmål, er det sentralt at ein så viktig by i det nynorske kjerneområdet i fylket også er ein nynorskby. Det handlar om å vise respekt overfor dei mindre kommunane, seier han.

Aasbrenn legg til at han trur det også er viktig at ungdomen i Ålesund veks opp med nynorsk.

– Ein møter både nynorsk og bokmål i skulen. Å ta i bruk nynorsk som offisielt skriftspråk i kommunen, vil gjere at elevane får respekt for, og blir betre i språket, seier Aasbrenn og poengterer at han sjølv meiner dialekta i Ålesund liknar meir på det nynorske skriftspråket, enn på bokmål.

Må ta vare på dialekta

– Å skrive så tett som mogleg på talemålet er positivt, meiner eg. Vi må ta vare på dialekta. Det vil frigjere og bidra til at det ikkje blir så stykka opp. Ein vil kome nærare sin eigen identitet, meiner leiaren og seier til heile årsmøte-forsamlinga at mållaget no må gjere alt dei kan for at den nye storkommunen nyttar nynorsk.

– Men vi må berre stole på at intensjonsavtalen som seier at nynorsk skal nyttast, faktisk er ein avtale, seier Aasbrenn.

Men fleire i Mållaget er litt skeptiske. For då intensjonsavtalen blei underteikna, var det ti kommunar som gjekk saman. Blant anna Sula kommune var med, men i dag ser det ut til at dei ikkje blir med i den nye storkommunen. Dette gjer at enkelte undrar seg over korleis avtalen vil bli brukt.

Delte ut målprisen

Under årsmøtet til Sunnmøre Mållag blei også Målprisen for 2016 tildelt Harald Kjølås.

– Språket hans er variert, presist og folkeleg. Nynorsken tek utgangspunkt i sunnmørsmålet, og det er klassisk og moderne på same tid, meinte prisnemnda.

Leiar i nemnda for målprisen, Terje Aarset tildelar Harald Kjølås prisen for 2016. Foto: Maria Moe