Sjølv er ho ikkje i tvil om at kommunestyret burde latt dørene vere opne då dei skulle behandle eit forslag om å granske fleire barnevernssaker.

– Å lukke møtet i ei så viktig sak er eit alvorleg brot på tilliten vi er gitt av innbyggjarane. Eg er sjokkert, seier Ina Giske til Sunnmørsposten.

No har ho sendt eit krav om lovlegkontroll av vedtaket om å lukke det politiske møtet. Det kjem først til handsaming i kommunestyret til hausten.

Kravet er underskriven av Giske, partikollega Geir Arne Dyb, Tore Nordstrand Uggedal (Sp) og Gunnar Morsund frå Tverrpolitisk liste – som også er leiar av kontrollutvalet i kommunen. Om kommunestyret står på sitt, går saka vidare til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Vanylven: Gir refs for lukka møte

Bad om gransking

Bakgrunnen for kravet er at representanten Giske under kommunestyremøtet 15. juni leverte ein interpellasjon der ho bad om at kommunen henta inn hjelp utanfrå for å sjå nærare på minst fem barnevernssaker. I arbeidet blei det foreslått at ein skulle «sjå på prosessane fram mot vedtak/avgjerder tatt i barnevernet, vurdering av metode og vidare tilråding».

– Kan ordførar stille seg bak dette konkrete forslaget til kvalitetssikring i barnevernstenestene, var det konkrete spørsmålet til ordførar Harry Valderhaug (KrF).

Eit svar på spørsmålet fekk Giske aldri. Etter innspel frå Kåre Sæter (Ap) bad ordføraren i staden kommunestyret vurdere om saka burde lukkast av omsyn til personvernet.

Årsaka var at Ina Giske i starten av interpellasjonen, skildra korleis ein forelder i ei konkret barnevernssak opplevde å bli fråteken barnet. At teksten var anonymisert var ikkje nok for 21 av 23 representantar – som stemte for å lukke møtet etter kommunelovas paragraf 31.

– Uroa for rettstryggleiken

Ina Giske seier ho har blitt kontakta av fleire pårørande som gjer at ho er uroa for rettstryggleiken til innbyggjarar i kommunen som har vore i kontakt med barnevernet.

– For å få eit skikkeleg innblikk i korleis dette fungerer, må vi gå i djupna på enkeltsaker. Til dømes skal omsorgsovertakingar vere siste utveg, og då må ein kunne dokumentere dette, seier Giske som legg til at ho sjølv ikkje kan svare ja, eller nei på om barnevernet i Giske gjer jobben slik dei skal:

– Det handlar om å få meir kunnskap ut til oss som skal forvalte dette, slik at vi i tilfelle får vite kva vi skal jobbe med, seier ho. I det lukka møtet nekta ordføraren med same grunngjeving politikarane å votere over innhaldet i spørsmålet frå Ina Giske.

– Omsyn til barnet

Ordførar Harry Valderhaug har uttalt til lokalavisa Øy-Blikk at han er trygg på at det var rett å lukke møtet. Han stadfestar dette overfor smp.no.

– Ja, det er eg. Det blei opplyst frå representantar i kommunestyret at det var mogleg å identifisere dei som var omtalt i interpellasjonen. Ikkje minst av omsyn til barnet involvert, valde eg med bakgrunn i mogleg identifikasjon, å ta opp til votering ei lukking av møtet, seier han.

Valderhaug seier han ikkje vil kommentere innhaldet i interpellasjonen, men at han ikkje vil stille seg avvisande til ei slik type undersøking om det blir teken opp i kommunestyret.

– På generelt grunnlag kan eg seie at kommunestyret må ta utgangspunkt i det administrasjonen gir oss av informasjon, i tillegg til det vi som folkevalde har. Eg har per i dag ikkje informasjon som tilseier at det er naudsynt med ekstraordinære undersøkingar, seier han.

Ordførar Harry Valderhaug (KrF) meiner det var rett å lukke møtet. Arkivbilde Foto: Staale Wattø