Sunnmøre Indremisjon har drive barnehage på Valderøya sidan 1978, men lokala var tronge og tilfredsstilte ikkje dagens krav.

– I fleire år har ein tenkt og planlagt eit moderne nybygg, så no er gleda stor både blant barn, foreldre og tilsette over det fine bygget, opplyser Janne Støbakk i Sunnmøre Indremisjon i ei pressemelding.

Barnehagen har fire avdelingar, og fuglenamna Lerka, Måltrosten, Spurven og Linerla viser veg inn til dei ulike avdelingane.

Den har også eit stort fellesrom som vert nytta til gym, festar, korøving og foreldremøte. Barnehagen har eit eige kor som øver annakvar veke.

– Prislappen for nybygget er på heile tjueseks millionar kroner, opplyser Støbakk.

Heider til styraren

Same dag som barnehagen opna, vart barnehagestyrar Kari Lise Ose Nordstrand heidra. Ho fekk Norges Vels medalje, medaljen for lang og tru teneste. I over 30 år har Kari Lise Ose Nordstrand vore tilsett i Daggry barnehage. Styreleiar Karl Arne Austnes overrekte medaljen og takka for den flotte jobben som har vore gjort av Nordstrand gjennom mange år.