Leiar av kontrollutvalet vil be om gransking i Giske:

Lokalpolitikar opplever stengde dører om barnevern

Ina Giske (Frp) opplever at det vanskeleg for lokalpolitikarar å finne ut om barnevernet gjer ein god jobb. Leiaren i kontrollutvalet opnar for gransking.

Motstand Ina Giske (Frp) har fleire gonger fremma forslag om å undersøke jobben barnevernet i Giske gjer, utan å nå fram. Ho meiner det er ekstra viktig no når kommunen skal inn i eit vaktsamarbeid med Sula, Stranda og Sykkylven og forholda vert større. Arkivbilde  Foto: Børge Sandnes

Ålesund og omland

På ulike vis har Giske-politikaren Ina Giske (Frp) fremma forslag om å undersøke korleis barnevernet utfører jobben sin. Bakgrunnen er meldingar som gjer ho uroa for om kvaliteten på arbeidet er god nok.