Det blei ikkje fremma noko forslag om ei gransking av barnevernet i møtet til kontrollutvalet i Giske tysdag.  Medlemane gjekk i staden samrøystes inn for be om ei prosjektskisse til sitt neste møte, der målsettinga er å undersøke korleis kommunen løyser arbeidet med bruk av tilsynsførarar.

– Det er punktet vi meiner er viktigast å sjå på no, og barnevernet er klar over at dei har forbetringspotensialet på området, seier leiar Gunnar Morsund til Sunnmørsposten.

Oppfølginga av barn i fosterheim frå tilsynsførarar, var eit område der kontrollutvala på Søre Sunnmøre avdekka grov svikt for eit drygt år sidan.

På førehand hadde Morsund opplyst til Sunnmørsposten at han ville foreslå ein forvaltningsrevisjon av tenesta, men han fortel at utvalet blei samde om at det ikkje var naudsynt.

Bakgrunnen for at saka har vorte aktualisert, er at Frp-politikar Ina Giske har motteke fleire uromeldingar om korleis barnevernet i kommunen utfører arbeidet sitt.

Sunnmørsposten er kjend med at det også til kontrollutvalet sitt møte kom inn eit nytt slikt varsel.

(saka held fram under)

Les også:

Lokalpolitikar opplever stengde dører om barnevern (for abonnentar)

Hadde lov å lukke møte om barnevernssak i Giske (for abonnentar)

Giske: – Barnevernssak lukka ulovleg (for abonnentar)

I møtet tysdag fekk utvalet ei orientering frå administrasjonen. Både rådmannen, leiar for eininga som jobbar med barn, familie og helse og leiar for barnevernstenestane deltok i møtet.

– Vi gjekk inn på stort sett alle felt og stilte mange spørsmål. Vi fekk mellom anna forsikringar om at dei satsa mykje på tiltak i heimane, seier han.

Ifølgje Morsund har løyvingane til barnevernet i Giske auka den siste tida, og utvalet har oppfatta at tenesta ikkje manglar ressursar. Når det gjeld den uavhengige tilsynsførarrolla, er det utfordringar med rekruttering.

Lesarinnlegg om barnevernet i Giske:Ros til Ina Giske«Barnevernet i Giske - eit plettfritt barnevern?»«Er full tillit ei sunn haldning?»«Barnevernet – eit vern for kven?»«Full tillit til barnevernet»«Barnevernet vernar born»«Eit styrka barnevern»