I alt fire personar vart skadd i ulykka.

Ei kvinne i 40-åra er sendt til St.Olavs Hospital i Trondheim. Kvinna er alvorleg skadd og tilstanden er uviss, blir det opplyst frå sjukehuset fredag morgon.

Ifølge politiet var kvinna i 40-åra åleine i bilen då ulykka skjedde, litt aust for avkøyringa i Dragsundet.

Dei tre andre, som sat i den møtande bilen, vart sendt til sjukehuset i Ålesund.

Helse Møre og Romsdal opplyser fredag at tilstanden er stabil for ei kvinne 60-åra, ho fekk moderade skader i ulukka. Dei to andre som var involvert i ulykka har mindre skader.

Det er førebels for tidleg å konkludere med kva som var årsaka til ulykka. Saka er no sendt til etterforskingsavdelinga i Møre og Romsdal politidistrikt.

Her blir vegen gjort klar til å sette på trafikk igjen. Foto: Sofie Svanes Flem