Dette har vore bensinstasjon og eit samlingspunkt sidan 60-talet. Truleg blir bensin, pølser og kaffi bytta ut med daglegvarer.

Dermed kan både bygda og mange arbeidsfolk miste eit samlingspunkt.

– Denne stasjonen har vore god å ha. Det har vore så lettvint å stikke innom, seier Jørgen Valde. Han jobbar som murar og er her for ein matbit og ein prat midt på dag.

Intensjonsavtale

Bjørn Bakke har eigd og drive «Tanken» på Valle i 35 år. No har han skrive intensjonsavtale med matvaregrossisten H.I. Gjørtz. Dei vil rive bensinstasjonen og etablere ein butikk for daglegvarer. Bygdebladet skreiv om saka først.

Jørgen Valde har vore innom her ofte.

– Dette var eit samlingspunkt for ungdom fram til eg var 30 i alle fall, fortel Valde.

– Laurdagskveldane brukte vi å møtest her for å diskutere kven som skulle køyre på dans.

Og «Tanken» har det heitt så lenge Valde kan hugse. Namnet kom vel sikkert av at folk kjem hit for å tanke bensin og diesel.

– Stasjonen vart bygd då eg var gutfant. For oss betydde det is og brus, fortel han.

Der som det no er butikk, var det smørjehall. På Tanken kunne ein også få kjøpt bildekk og mykje anna av bilrekvisita.

Ungdom som hang på trappa

Dagens drivar tok over i 1983. Han har ikkje berre gode minne om ungdommane som hang ute på trappa.

– Det var åtte-ti ungdommar som hang her ofte. Det hende eg måtte jage dei vekk så kundane fekk kome inn. Det hjalp då eg sette opp ein benk med tak over.

Stasjonen har gjennom tidene endra namn: Mobil, Hydro, Hydro Texaco og no YX, som er heileigd av Reitangruppen. Ein periode hadde dei Vallegrillen også. Og i 1997 opna dei det som skal ha vore distriktet si første Brustadbu med daglegvarer. Det tok visst heilt av, og det kom også folk frå byen for å handle.

Anleggsfolk

– I dag er stasjonen eit samlingspunkt særleg for anleggsfolk, ikkje minst folk som arbeider innan lastebil og gravemaskin, seier Jørgen Valde.

Ved sidan av sit Jonny Pettersen frå Skodje. Han jobbar i bygg og anlegg.

– Eg vil sakne det å kunne stikke innom for ein kaffi, seier Pettersen.

Konkurranse frå Digerneset

Bakke merkar konkurransen frå Digerneset få kilometer unna – ikkje på drivstoff men på daglegvarer.

– Salet av daglegvarer har gått vesentleg ned. På «fast food» har vi hatt berre ein liten nedgang. Men på drivstoff har vi faktisk dobla omsetninga sidan Digerneset kom. Grunnen til det er at vi vart «truckstasjon» for tre år sidan.

Totalt sett har likevel omsetninga gått kraftig ned sidan 2014.

Jørgen Valde meiner det er i ferd med å bli altfor mange daglegvarebutikkar i kommunen. Men på Digerneset går Rema-butikken så det kostar. Det vil nok ikkje H.I. Gjørtz sitje stille og sjå på. I alle fall har dei visstnok vore rask i reaksjonen.

– Eg blir 60 år i år og har ingen til å ta over. Eg tenkte å bruke eit par år på denne prosessen. Men det har gått veldig raskt. Eg veit ikkje kor lenge eg blir, seier Bakke.

Avtalen han har med YX går fram til sommaren 2020.

– Med mindre dei blir løyst ut, og det trur eg H.I. Gjørtz vil jobbe med å få til, seier Bakke.

Laurdagskveldane brukte vi å møtest her, hugsar Jørgen Valde. No er det mange arbeidsfolk som har Tanken som møteplass. Foto: Per Ove Stige
Jonny Pettersen kjem til å sakne kaffien. Dei to var innom for ein prat i går midt på dag. Foto: Per Ove Stige