Tatt i 146 km/t

UP med nedslåande resultat i Giske.
Ålesund og omland

Torsdag hadde UP fartskontroll i ei 80-sone på Valderøya.

- Tre personar er politimeldt med førarkortbeslag. Største fart var 146 km/t, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

I tillegg er sju bilførarar bøtlagt for stor fart.