Asfaltering stenger Nakkedalen

Eit uvanleg tjukt asfaltlag skal gje ekstra forsterking på fv. 147 mellom Vatne og Fiksdal.

  Foto: Statens vegvesen

Ålesund og omland

Frå onsdag 26. september vil vegen over Nakkedalen vere stengt måndag-torsdag 08.30-20.00. Det blir manuell dirigering om ettermiddagen klokka 15.30-16.30, melder Vegvesenet.

10 cm asfalt

Asfaltarbeidet er venta å ta ein månad. Det skal leggjast heile 10 cm asfalt.

– Det tjukke asfaltlaget er med på å auke bereevna til vegen ytterlegare. Nakkedalsvegen vil framleis vere ein smal veg, men med utbetringane vi har gjort i sommar har vi ein veg vi er trygge på at held i mange år framover, seier prosjektleiar Odd Einar Hjellen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Har vore jobba i heile sommar

Det har vore vegarbeid på den 11,2 kilometer lange strekninga i heile sommar. Nakkedalsvegen er årets største vegutbetring for Møre og Romsdal fylkeskommune, til ein totalkostnad på nær 14 millionar kroner.

Vegen er smal, og det er ikkje mogleg å drive effektiv anleggsdrift med trafikk på vegen. Derfor har vegen vore stengt på dagtid sidan juni.

– Arbeidet har i hovudsak vore knytt til drenering gjennom rydding og utbetring av grøfter og nye stikkrenner, opplyser Vegvesenet.

– På fleire stadar har vi fjerna store steinar i vegkroppen. Nokre stadar har vi skifta ut massen under asfalten, slik at vegen blir sterkare og meir stabil. I tillegg er det rydda skog langs vegen. Det gjer at vegen vil tørke snarare opp og gi betre sikt for trafikantane, fortel prosjektleiar Odd Einar Hjellen.

Det er omkøyring via fv. 661 Vatne-Fiksdal.

Dette er fylket sine største vegprosjekt i år:

  • Fv. 60 Fjørstad - Overvoll. Stranda: 4,1 millionar.
  • Fv. 63 Myklebust - Holbrua. Norddal: 3,6 millionar.
  • Fv. 655. Tryggestad - Fivelstad. Stranda: 8,4 millionar.
  • Fv. 147 Vatne - Fiksdal. Haram/Vestnes: 13,8 millionar.