Giske held fram som eigen kommune

Giske kommune vil ikkje bli ein del av nye Ålesund kommune.

  Foto: Johan Behrentz

Ålesund og omland

Med 14 mot ni røyster vedtok kommunestyret at Giske skal halde fram som eigen kommune. Giske skal ta aktivt del i ulike samarbeid som er med på å styrke Ålesundregionen som eit regionsenter mellom Bergen og Trondheim.

Avrøystinga skjedde ved namneopprop.

Røystinga følgde innstillinga frå formannskapet og som vart fremja av vararepresentant Samund Rørvik (Sp).

Roar Dyb-Sandnes (Ap) argumenterte sterkt for å vere med å halde ei hand på rattet i den nye kommunen. Han fremja fellesforslaget med Høgre om å søke Giske inn som ein del av nye Ålesund kommune.

Ordførar Harry Valderhaug (KrF) meinte det var viktig å følgje folkerøystinga der fleirtalet ikkje ville gå inn i den nye kommunen no. Han vedgjekk at han hadde størst kjensle og kjærleik til sin eigen kommune.

Framstegspartiet har to representantar som røysta ulikt. Også Tverpolitisk liste var splitta i denne saka. Kolbjørn Rørstad (Tverrpolitisk) meinte denne saka hadde vore lite faktabasert og basert på kjensler. Sjølv tvilte han seg fram til å søke om å bli del av den nye Ålesund kommune.

Mellom tilhengarar av kommunesamanslåing blei det gjort klart at det kan ta både to og tre periodar før spørsmålet igjen blir sett på dagsorden. Einskilde meinte 20 år. Andre meinte det ikkje blir lenge før saka kjem opp att, kanskje berre to år. Fleire av dei som var i fleirtal streka under at Giske skal bli ein god nabo til nye Ålesund, men at ein skal halde fram med å utvikle sin eigen kommune.


Kommunestyret i Giske avgjer spørsmålet om samanslåing med nye Ålesund:

Olav Sindre Roald droppar Tyrkia-ferien for å seie nei til Ålesund

Når kommunestyret skal seie ja eller nei til samanslåing med Ålesund, så får Tyrkia-turen berre vente til ein annan gong.