Øvde på søk etter sakna i sjø

Redningsskøyta «DNV II» og ambulansebåten «Norskyss» øvde i kveld på redning i sjø utanfor Søvika i Haram.
 

Redningsskøyte og ambulansebåten øvde i kveld ved Brattholmen utanfor Søvika.

Klokka 20.30 starta ein debrief etter sjølve øvinga.  Foto: Johan Skylstad

Ålesund og omland

– Vi er i ferd med å avslutte øvinga no, seier båtførar Johan Skylstad på redningsskøyta «DNV II» klokka 20.20.

Fleire personar ringde Sunnmørsposten i kveld fordi det kunne sjå ut som at fleire båtar søkte i sjøen.

– Vi laga eit scenarie der ein båt hadde køyrt i land på Brattholmen. Der var to personar på land og ein båt som gjekk i ring, og truleg ein person til, fortel Skylstad, som også er operativ leiar om bord.

Også ein tredje båt var med i øvinga. Om bord i denne båten var dei som arrangerte øvinga.

– Vi skulle ta oss av dei to på holmen og søke etter den siste, som vi fann i sjøen og overleverte til «Norskyss», fortel Skylstad.