Hjort hoppa frå bru 13 meter ned

– Eg vart heilt sjokka, fortel Theodor Urtegård.
Ålesund og omland

Sjå videoen over. Theodor Urtegård på Giske fekk ei oppleving han seint vil gløyme. Måndag kveld køyrde han bil på veg til kino i Ålesund. Då han kom til den 17 meter høge og 550 meter lange Giskebrua, var to hjortar på veg over. Han slakka ned og slo følgje.