Pigg eller piggfritt i Ålesund:

Seier nei til piggdekkavgift

Rådmannen vil ikkje innføre piggdekkavgift i Ålesund. Arbeidarpartiet utelukkar likevel ikkje avgift på bruk av piggdekk.

Piggar: Olaf Devold har køyrt med piggdekk heile livet, og kjem ikkje til å endra på det med det første. Avgifter har me nok av, seier han, og køyrer vidare på piggane sine.  Foto: Ståle Wattø

Ålesund og omland

Ålesund kommune har sett på moglegheitene for å innføre piggdekkavgift, etter ein interpellasjon frå Jarle Steffensen i Miljøpartiet dei grøne.