Arbeidet i Rotsethorntunnelen tek juleferie

Frå fredag morgon til 2. januar, er det fri ferdsel i gjennom tunnelen, melder Vegvesenet.

Juleferie: Fri ferdsel gjennom Rotsethorntunnelen i jula. Arbeidet tek pause frå 21. desember klokka 07.00 til 2. januar klokka 19.00.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Ålesund og omland

Fredag 21. desember klokka 07.00 opnar dei tunnelen. Frå same tida vert også slutt på brøytinga av omkøyringsvegen for personbilar gjennom Aldalen.

Det vert inga brøyting av denne vegen etter nyttår. Onsdag 2. januar klokka 19.00 byrjar arbeidet oppatt i Rotsethorntunnellen.

– Frå 2. januar vert tunnelen kvelds- og nattestengt att med kolonnar til faste tidspunkt. I helgene vert det fri ferdsel frå laurdag klokka 07.00 til sundag klokka 21.00, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i ei pressemelding.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Ålesund og omland