Bil utfor vegen i Ørskog

Ein bil med førar har køyrt av vegen på fylkesveg 650 ved Vaksvika. Han vart køyrt til legevakt med lettare skadar.
Ålesund og omland

Føraren, ein mann i 70-åra frå Sjøholt, vart lettare skadd og køyrt til legevakta for vidare sjekk etter han køyrde av vegen i 50-sona på fylkesveg 650 ved Valsvika tysdag.

Det opplyser operasjonsleiar Tor-André Gram Franck i politiet.

– Politiet har oppretta sak og det er skade på autovernet, seier han.

Trafikken går som normalt.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Ålesund og omland