Søvnutfordringar bidrog til spennande oppfinning:

Har utvikla «handsfree» vuggehjelp

Sleepytroll er historia om to foreldre og eit barn som aldri var heilt utkvilt. Eit spedbarn som var heilt avhengig av at mor eller far vugga eller byssa for å finne roen og søvnen. Men ut av søvnløysa kom det i alle fall ei oppfinning.

Opplagd: Sigrid Berge frå Stryn og mannen Ståle Flataker frå Nordfjordeid, har saman med svogeren utvikla Sleepytroll. Ein sensorstyrt vuggemekanisme som skal hjelpe å oppretthalde søvnen til spedbarn. Med utkvilte barn får ein også opplagde foreldre.  Foto: FOTO: ROY ARON MYKLEBUST

Ålesund og omland

(Fjordingen): Problemstillinga med born som søv lett og som treng ekstra hjelp for å få nok samanhengande timar på puta er langt frå uvanleg. Difor var det kanskje ekstra frustrerande for Sigrid Berge og Ståle Flataker at det ikkje skulle finnast ei einaste god løysing i virvaret av hjelpemidlar. Og etter å ha brukt tusenvis av kroner på vugger, bæreselar og andre produkt tok dei lik så godt saka i eigne hender sommaren 2014.