Flaum og rasfare:

Fem husstandar evakuerte på grunn av rasfare

Fem husstandar i Årsetdalen vert evakuerte nyttårsaftan på grunn av rasfare.

Vatnet strøymer nedover det gamle rasfaret i Årsetdalen.  Foto: Svein Aam

 

Flaum og rasfare i Årsetdalen på Vartdal.  Foto: Svein Aam

Ålesund og omland

(Møre-Nytt:) Store mengder regn har ført til fleire mindre ras i området der det gjekk eit stort jordskred i Årsetdalen for fem år sidan. Vatnet vaskar stein og masse nedover fjellsida, og skaper ein farleg situasjon. Tidleg på dagen gjekk det to forholdvis store skred.

– Vi har sett krisestab i kommunen, og vurderer det slik at fem husstandar må evakuerast, seier ordførar Stein Aam i Ørsta kommune.

Vurderinga er gjort i samråd med politiet. Kommunen har sendt bod på ein geolog.

– Ein geolog er på veg, og han må vurdere korleis rasfaren utviklar seg. Vi reknar med at det vert gjennomført ei fagleg vurdering i løpet av morgondagen, seier ordføraren.

Jord og masse fører til at avløpssystemet ikkje klarer å ta unna vatnet, og det er flaum på vegen.

«FV67 blir mellombels stengt forbi rasområdet i krysset Busetvegen/Årsetdalen Mulig med omkjøring via Vartdalsvegen», skriv vegmeldingssentralen på Twitter.

Saka stod først på trykk i Møre-Nytt.

Evakuerer heimen på nyttårsaftan

– Går ikkje an å leve under dette

Helge Aarseth gjenopplever marerittet for fem år sidan.