Jordras på Skredestranda

Vegen vart opna for fri ferdsel 10.40 tysdag morgon.

Jordras: E39 ved Skredestranda er stengt.  Foto: Jan Tore Sunde / Politiet

Ålesund og omland

(Fjordingen:) E39 ved Skredestranda i Eid er sperra grunna jordras.

- Det er gått eit jordras over vegen. Det vil bli tatt ei vurdering om å opne vegen i morgon tidlig klokka 10.00, seier politibetjent på staden, Jan Tore Sunde til Fjordingen.

Årsaka til at ein ikkje vil fjerne jordmassane no, er dei store nedbørsmengdene og fare for nye skred i dette området.

Ingen personar eller bilar skal vere råka av jordskredet.

Statens vegvesen anbefalar omkjøring via E39, Fv 60 og Fv 651.

Skredestranda er svært utsatt for jord- og snøskred. Så seint som i mars i år gjekk Kolefonna på nytt i Skredestranda.

Som Fjordingen har omtala før, har Eid-ordførar Alfred Bjørlo tatt til orde for tunnel i dette området.

Saka vart først publisert i Fjordingen

Aktuell omkøyring er vegen over Stigedalen med ferje til Volda, evt Panoramavegen frå Lote til Hopland og vidare til Stryn.