Både Ørsta/Volda og Vigra råka av nyttårsvêret:

Fleire fly innstilte

Sjølv om fleire fly er innstilte, har selskapa trua på at dei skal få fly i kveld. SAS flyg førebels som normalt, medan Norwegian og Widerøe har innstilt fly.
Ålesund og omland

Norwegian har innstilt 16.05-flyet frå Gardermoen til Vigra men ser positivt på kvelden. Dei har eitt fly frå Vigra til Gardermoen og to frå Gardermoen til Vigra i kveld som dei trur vil gå som normalt.

– Sjølv om vi ikkje bestemmer over vêret, reknar vi med å fly i kveld. Vi oppmodar uansett alle våre passasjerer til å halde seg oppdaterte, seier presseansvarleg Andreas Hjørnholm i Norwegian.

SAS har derimot ikkje innstilt nokon fly frå Vigra og håpar å fly som normalt. Det gjeld deira flygningar til og frå Værnes, Flesland og Gardermoen utover ettermiddagen og kvelden.

– Så langt går alt som normalt. Men det bles kraftig, så vi følgjer vêret tett. Det er alltid tryggleiken som er førsteprioritet. Passasjerane vil bli oppdaterte fortløpande, seier pressekontakt Tonje Sund i selskapet.

Widerøe har innstilt tre flygingar frå Ørsta/Volda og éi flyging frå Vigra førebels.