Normal drift i ferjetrafikken etter nyttårsuvêret

Molde–Vestnes opnar etter åtte timar utan ferjedrift. Også Småge–Orta–Sandøya–Finnøya–Ona har normal drift.
Ålesund og omland

Ferja Molde–Vestnes på E39 har første avgang frå Molde 17.15. Deretter blir det normal drift i sambandet, opplyser Fjord1. Sambandet vart stengt i 09-tida nyttårsdag.

Klokka 16 vart Skjelten–Lepsøya–Haramsøya stengt. Det blir oppstart frå Haramsøya klokka 19, opplyser Norled. Det er ikkje sikkert at dei kan anløpe Lepsøya.

I sambandet Brattvåg–Dryna–Fjørtofta–Harøy blir det normal drift frå rundt 18.50, opplyser Fjord1.

Hurtigbåten frå Ålesund til Valderøya og Nordøyane er innstilt ut dagen på grunn av dårleg vêr, opplyser Boreal i ei melding.

Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya er i drift igjen, melder Vestlandsnytt.

Rute 12 Lekneset–Sæbø vart innstilt litt før klokka 17. Der er det no normal drift. Ein må rekne med forseinkingar på grunn av strømstans på kaia, meldte Fjord1 like før klokka 20.00.

På E39 er det normal drift i sambandet Anda-Lote.

I sambandet Småge–Orta–Sandøya–Finnøya–Ona er det normal drift, opplyser Torghatten Nord. Sambandet vart stengt tysdag morgon på grunn av vêrforholda.

Også i sambandet Måløy - Oldeide er det normal drift i sambandet tirsdag kveld.