Trafikkuhell på Ørskogfjellet

Det er ekstremt vanskelege køyreforhold, melder 110-sentralen. Dei har rykka ut etter eit trafikkuhell.
Ålesund og omland

Det skriv sentralen på Twitter. Føraren vart sjekka av ambulanse, men det ser ikkje ut til å vere alvorleg personskade. Han hadde køyrt av vegen, og sperrer ikkje for trafikken. Men det er likevel ikkje gode køyreforhold over fjellet.

– Brannsentralen melder om at det er ekstremt dårlege køyreforhold. Det er snø, slaps og vind, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck i politiet.