Vurderer rasfaren på Vartdal

Ein geolog skal vurdere rasfaren på Vartdal i dag. Fv 67 i Årsetdalen er opna att.

Teknisk vakt: Dag Jarle Aa er teknisk vakt i Ørsta kommune nyttårshelga. Her er han i Årsetdalen.  Foto: Svein Aam

Ålesund og omland

(Møre-Nytt:) Fem husstandar vart evakuerte nyttårsaftan. I dag er ein geolog på Vartdal for å vurdere rasfaren i Årsetdalen. Også folk frå vegvesenet og kommunen er på plass om formiddagen første nyttårsdag.

- Det er mykje mindre vatn i vegbanen i dag enn i går. Det er og mindre vatn oppe i fjellsida, så det ser betre ut, seier teknisk vakt i Ørsta kommune Dag Jarle Aa.

Avgjerda om folk kan flytte tilbake vert tatt av politiet i samråd med krisestaben i Ørsta kommune.

Årsetdalen vart også råka av straumbrot frå om lag klokka 0500 1. nyttårsdag. I tillegg var det korte straumbrot på Vartdalsstranda. Alle har fått tilbake straumen, skriv Mørenett på sine heimesider.


Flaum og rasfare:

Fem husstandar evakuerte på grunn av rasfare

Fem husstandar i Årsetdalen vert evakuerte nyttårsaftan på grunn av rasfare.


Nyttårsaftan vart svært nedbørsrik. På Ytre-Standal målte Endre Standal 96,5 mm på sin målestasjon.

Men det har ikkje vore alvorlege hendingar andre stader i Ørsta, enn i Årsetdalen.

- Vi hadde problem med mykje vatn på øvre Vallabøen,men vi hadde ein gravemaskin på staden og fekk førebygge flaum. Også over Standaleidet var folk i sving for å grøfte opp vegen i går, seier Dag Jarle Aa.

Brannvesenet i Ørsta rykka ut for å hjelpe ein huseigar som frykta at vatnet rann inn i kjellaren nyttårskvelden,men her var kommunen sine folk ikkje involvert.

Kaldare vêr 1. nyttårsdag gjer at nedbøren kjem som snø langt nedover fjellsidene. Dermed er faren for flaum redusert.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.

Klokka 13.13 opna Statens vegvesen fv 67 i Årsetdalen att.