Retten slår fast at kommunen hadde god nok grunn til å avlyse anbodet:

Volda kommune vann fram i retten

Fosnavåg-firmaet Prosjektbygg AS gjekk til retten mot Volda kommune for avlysing av anbod og tapte. No er også anken forkasta.

Vann fram: Volda kommune lyste ut anbod om klimaskjerm på Ivar Aasen-huset og ein eventuell ny etasje, men avlyste. No har dei vunne fram i retten i tvisten mot entreprenøren Prosjektbygg AS.  Foto: Arkivfoto

Ålesund og omland

I 2016 lyste Volda kommune ut anbod om å byggje ein klimaskjerm på Ivar Aasen-bygget på Høgskulen i Volda, og med opsjon på ein ny tredjeetasje på bygget.

Ein klimaskjerm er ein slags fasade eller skal utanpå bygget som er frå 1971. Det skal regulere kva vêr og temperaturar bygget vert utsett for.

Dette anbodet på 16 millionar kroner, vann Prosjektbygg AS framfor Volda Bygg AS i november den hausten med planlagt byggjestart i mai eller juni året etter. Men i februar 2017 avlyste kommunen anbodet, og Prosjektbygg gjekk til sak og kravde 4,7 millionar kroner i tapt forteneste.

– Var nøydd til avlyse

7. mars 2018 frifant Søre Sunnmøre tingrett Volda kommune. Denne domen anka byggjeselskapet, og 7. januar i år forkasta Frostating lagmannsrett anken.

– Vi såg totalbiletet og at vi vart nøydde til å avlyse. Det er ikkje ei god løysing for nokon partar, så når vi gjorde det, var det fordi vi var nøydde til det. Vi er glade for at rettssystemet meiner det same, seier eigedomssjef Kjell Magne Rindal.

Ein sentral del av konflikten, var om ein kunne bruke bygget under byggjeperioden eller ikkje. Høgskulen som er leigetakar no, var uroa for det. Retten slo fast at det var ein klar føresetnad i anbodet at det skulle vere vanleg drift i bygget.

Retten slår fast at terskelen for å avlyse bør vere forholdsvis låg. Volda kommune får tilkjent sakskostnadar på om lag 380.000 kroner, men betaler Prosjektbygg AS 100.000 kroner for kostnadane med å utforme anbodet.

Det er ingen vidare planar for Ivar Aasen-bygget. Høgskulen har leigeavtale fram til nytt mediebygg står klart.

Det har ikkje lukkast Sunnmørsposten å få ein kommentar frå Prosjektbygg AS.