No kan du snart få tak i så godt som alt som finst av øl i landet på Moa:

Eit lite mekka for ølinteresserte

I midten av mars startar det opp ein spesialisert ølbutikk på Moa. Drivaren ønskjer å skape ein møteplass for ølinteresserte.

Entusiast: Mangeårig ølentusiast Frank Njaalsund opnar spesialisert ølbutikk på Moa i midten av mars. Der håpar han ølinteresserte i området kan treffast og diskutere hobbyen sin.  Foto: Nils-Harald Ånstad

Ålesund og omland

– Eg har vore ølbryggar på hobbybasis i ein del år, så det ligg ein entuisasme i botnen, og i haust dukka det opp moglegheita for å starte butikk. Eg veit det er ei tøff satsing, men det ser ut som det er eit bra potensiale.