Politiet mister tillit frå innbyggjarane på alle område:

Politiet tilbake på tillitsmåling

77 prosent svarar i ei ny tillitundersøking at dei har «ganske eller svært stor tillit til politiet». Det er ned frå 83 prosent året før og det lågaste tilliten målt på 4 år. Nedgangen er spesielt stor i Møre og Romsdal.

Mindre tillit: Folk har mindre tillit til politiet enn på fleire år, viser ei årleg undersøking Politiet gjer. 77 prosent svarar dei har tillit til politiet, ned frå 83 prosent året før.  Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix (illustrasjon)

Ålesund og omland

Blant årsakane til nedgangen i tilliten, viser politiet til reformarbeidet og at kriminaliteten har endra seg. Dei melder at politiet har fått fleire og meir komplekse arbeidsoppgåver og ikkje leverer gode nok resultat.

92 prosent oppgjev at dei føler seg trygge. Det er 3 prosentpoeng færre enn i 2017.

Tilliten er spesielt svekka i politidistrikta Sør-Vest og Møre og Romsdal, der nedgangen er høvesvis 10 og 9 prosentpoeng. I Møre og Romsdal er altså nedgangen i tillit til politiet gått ned frå 84 prosent i 2017 til 75 prosent i 2018. I 2016 var tilliten i fylket 79 prosent.


Slik forklarer politimeisteren tillitsnedgangen her i fylket:

Reform og nye typar kriminalitet er årsaka

Nedgangen i tillit til politiet er spesielt stor i Møre og Romsdal. Politimeisteren forklarer det med reform og nye typar kriminalitet.


– Akkurat no står våre medarbeidarar i ein tøff skvis mellom å klare det daglege arbeidet samstudnes som arbeidsprosessar i dei nye organisasjonane etablerast og skal gå seg til. Parallelt med struktur og kvalitetsarbeidet i reforma, ar vi også opplevd ei saksauke innan dei mest alvorlege og arbeidskrevjande kriminalitetsområda. Det gjer at arbeidsmengda er stor og budsjettsituasjonen framleis stram, sjølv om politiet har blitt tilført monalege ressursar dei siste åra, kommenterer konstituert politidirektør Håkon Skulstad i ei pressemelding.

Det er nedgang på alle tillitsområda:

  • 7 av 10 har eit ganske eller svært godt inntrykk av at politiet behandlar folk med respekt. Det er 4 prosentpoeng færre enn i 2017.
  • 6 av 10 har eit ganske eller svært godt inntrykk av at politiet tek upartiske avgjerder. Det er 6 prosentpoeng færre enn i 2017.
  • 6 av 10 har eit ganske eller svært godt inntrykk av at politiet hindrar lovbrot der nokon utøver eller trugar med vald. Det er 4 prosentpoeng færre enn i 2017.
  • 5 av 10 har eit ganske eller svært godt inntrykk av at politiet forklarer avgjerder og handlingar. Det er 3 prosentpoeng færre enn i 2017.
  • 5 av 10 har eit ganske eller svært godt inntrykk av at politiet kjem raskt til staden etter valdslovbrot. Det er uendra frå 2017.
  • 4 av 10 har eit ganske eller svært godt inntrykk av at politiet arresterer innbrotstjuvar. Det er 4 prosentpoeng færre enn i 2017.

På områda vald, valdtekt og andre seksuelle overgrep, mobbing eller trakassering på internett, svindel, ID-tjuveri og bedrageri, går tilliten mest tilbake, med mellom fem og ni prosentpoeng.

Dei som har opplevd vald, trugsmål om vald, valdtekt og andre seksuelle overgrep, seier i undersøkinga at den viktigaste grunnen til å ikkje melde saka til politiet, er dei har liten tillit til politiet eller at dei trur saka vert lågt prioritert og lagt bort.

– At politiet vert vurdert svakara innan handtering av vald, valdtekt eller andre seksuelel overgrep, tek vi på alvor. Seksuallovbrot er høgt prioritert og vi etterforskar fleire saker no enn nokon gong. Desse askene er både vanskelege og tidkrevjande å etterforske, og med ein sterk auke i talet på meldte saker og store sakskompleks, blir vi utfordra på både kapasitet og kompetanse, seier Skulstad i pressemeldinga.

Undersøkinga er gjort av gallupbyrået TNS Kantar i september 2018. 5513 personar er intervjua. I Møre og Romsdal er 374 personar intervjua.

Sunnmørsposten kjem med meir.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Ålesund og omland