Slik forklarer politimeisteren tillitsnedgangen her i fylket:

Reform og nye typar kriminalitet er årsaka

Nedgangen i tillit til politiet er spesielt stor i Møre og Romsdal. Politimeisteren forklarer det med reform og nye typar kriminalitet.

Venta nedgang: Ingar Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt.   Foto: Nils Harald Ånstad (arkiv)

Ålesund og omland

– Nedgangen var venta. Vi veit at når politiet står i reform, går tilliten ned. Det har vi sett i andre land. Når vi gjekk kraftig ned, skuldast det mellom anna at vi hadde ein god skår i 2017, seier politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen.