Sunnmørskommunar investerer minst i kontroll og revisjon av seg sjølv:

Brukar minst på kontroll

Ålesund og Ørsta er kommunane som brukar minst pengar per innbyggjar på kontroll og revisjon. Kontrollutvalsleiaren i Ålesund etterlyser meir pengar.

Lite kontroll: Ålesund kommune brukar nest minst pengar per innbyggjar på kontroll og revisjon i kommunen. Kontrollutvalet ønskjer meir ressursar, men Arbeidarpartiet i Ålesund oppmodar kontrollørane sjølve til å synleggjera behovet.  Foto: Staale Wattø (arkiv)

Ålesund og omland

Med sine høvesvis 56 og 50 kroner per innbyggjar, er Ålesund og Ørsta kommunane som brukar minst pengar på kontroll og revisjon i Møre og Romsdal.