Luftkvaliteten i Geiranger er like dårleg som i Oslo:

Folkehelseinstituttet bed om tiltak

Luftureininga i Geiranger er på nivå med Oslo, viser dei siste målingane, og sjuke personar får auka risiko for slag og infarkt av å opphalde seg i slik luft.

Dårleg luft i Geiranger: Cruisetrafikken gjer at luftkvaliteten i den idylliske fjordbygda og den idylliske turistmagneten er som i Oslo. Eitt mogleg tiltak er å få ned talet på cruiseskip som kjem inn i fjorden.  Foto: Staale Wattø

Ålesund og omland

– Det er forholdsvis høge verdiar. Høgare enn det slik busetnad skulle tilseie. Det er på nivå med Oslo, seier forskar Marit Låg i Folkehelseinstituttet.



Dei har sendt eit brev til Stranda kommune og bede om tiltak for å få ned ureininga.

– Det er auka risiko for at dei som alt er sjuke, vert sjukare. Om ein har astma, andre luftvegssjukdomar, hjarte- og karsjukdomar, så er det auka risiko for at ein kan få astmainnfall, infarkt eller slag ved å opphalde seg i slik luft, seier forskaren.


Skal granske miljøet i Geiranger

Nytt miljøprosjekt denne våren.


Målar nye helsefarlege gassar

Universitetet i Bonn i Tyskland har målt svevestøv i Geiranger i 20 år, som har slitt med mykje luftureining i mange år. Det er desse målingane Folkehelseinstituttet no har analysert.

Den gode nyheita, er at målingane av svevestøv viser ein liten nedgang frå dei siste par åra.


Svovel i Geiranger-lufta

Målingar av lufta i Geirangerfjorden i sommar syner for første gong spor av svovel. Det skriv avisa Sunnmøringen.


Men no har målingane også byrja å fange opp andre typar helsefarlege gassar, som nitrogendioksid, svoveldioksid og ozon (NO2, SO2 og O3). Det har dei ikkje målt tidlegare.

Funna av svoveldioksid, kan kome av at cruiseskipa i fjorden bruker ureint drivstoff og forbrenner drivstoff og olje med høgt svovelinnhald. Nitrogendioksid er ein helsefarleg variant av NOx-gassane.

– Det er viktig at vi følgjer målingane over tid, for nivået på gassane kjem frå både utsleppa og frå dei meteorologiske tilhøva, som til dømes vind, seier forskaren.

Det siste vert det også forska på. Også Stranda hamnevesen, Sjøfartsdirektoratet og SINTEF gjer målingar og studiar av luftkvaliteten i Geiranger.


Miljøkrav for cruiseskip

Redd for konkurranse-vriding

Nye miljøkrav må gjelde i alle fjordar, ikkje berre i Geiranger, meiner Stranda hamnevesen og ber om eit møte med Sjøfartsdirektoratet.


Tek saka på største alvor

Ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad (Sp), seier dei ser alvorleg på målingane og brevet frå Folkehelseinstituttet.

– Vi ser på saka med det største alvor. Dette er ikkje ein rapport me legg i skuffa. Vi skal ha eit fellesmøte med mellom anna fylkesmannen så snøgt som råd for å diskutere tiltak, seier han.

Der vil dei vurdere kva for tiltak dei kan setje i verk for å få ned luftureininga i den vesle bygda. Blant tiltaka som står på blokka, er å ta ned talet på cruiseskip som kjem inn i fjordarmen.


Rundt 900.000 er i turistbygda på eit år:

Skal granske helseskadeleg luft i Geiranger

Luftkvaliteten i Geiranger er helseskadeleg på visse tider under høgsesongen.


– Eitt tiltak, kan vere å ta ned talet på skip. Det er enkelttiltaket som vil gje størst effekt. Havnevesenet har alt gjort det, for å få ned talet på skip og på personar, men vi må sjå på om det er nok, seier Tryggestad.

Luftureininga i Geiranger er ikkje eit nytt problem, men noko bygda har slite med i mange år. Det er ordføraren klar over.

– Dette er det tredje varselet vi har fått, i tillegg har hamnevesenet gjort sine eigne undersøkingar. Så vi har etterkvart fått eit breitt kunnskapsgrunnlag.

Har sett i verk mange tiltak

– Vi har fått til ei formidabel sesongutviding, der vi får fordelt anløpa over lenger sesong. Det er viktig for både bulyst og arbeidslyst i regionen, seier sjefen i Stranda hamnevesen, Rita Berstad Maraak.

Ho presiserer at ein må sjå på heilskapen under eitt og at trafikken på land aukar og bidreg til luftureininga i fjorden.


Stortinget har vedtatt at alle skip skal gå utsleppsfritt i verdsarvfjordane innan 2026

– Ingen er i nærleiken av å kome seg inn og ut fjordane på batteri i dag

Jan Ivar Maråk kjenner cruisenæringa frå innsida. – At skip går på gass, er det neste steget, seier han.


Frå 2017 til 2018 gjekk skipsanløpa i Stranda juni, juli og august ned frå 149 til 145, og talet på personar gjekk ned frå 295 000 til 276 000.

– Det er innført restriksjonar mot scrubbing, tungolje, i tillegg til lokale restriksjonar, seier hamnesjefen.

Ho viser også til ei jamnare fordeling av skipsanløp på dagar og at Hellesylt tek imot fleire av anløpa.

– Grøn fjord og levande bygdesamfunn er salsfordelen vår, avsluttar hamnesjefen.