Torsdag ettermiddag brende det i industribygget som tilhøyrer firmaet OTS (Offshore & Trawl Supply) på Ytterland på Valderøy.

To personar er brakt til sjukehus for sjekk, etter muleg røyskade, opplyser politiet.

Brannen var sløkt klokka 15.11, etter dette vart røyk lufta ut, opplyser politiet. Årsaka til brannen er ikkje klarlagt, politiet vil granske åstaden fredag.

Brannen oppstod etter det 110-sentralen erfarer i ei produksjonsmaskin. OTS produserer tau av syntetisk fiber.

- Heile fabrikklokalet er fullt av svart røyk, og det luktar sur, brent plast, sa Sunnmørspostens fotograf Staale Wattø litt over klokka halv tre.

Operasjonsleiar Tor André Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt opplyste klokka 14.08 at det brenn i ei anleggsmaskin, men at politiet på dette tidspunktet ikkje hadde kome fram. Politiet fekk meldinga klokka 14.05.

Peter Skodje er nabo og melde at det velta svart røyk ut av bygget.

- Det veltar røyk utover sjøen. Vi ser også flammar ut av vindauga i første etasje, sa Skodje til smp.no ved 14.12-tida torsdag.

- Det er ein sjukebil på staden, vi høyrer sirene frå brannbilen nærme seg, fortalde Skodje.

Oppdatering:

Klokka 16.07 melder politiet at småbåthamna igjen er open for ferdsel.

Tips Smp: 95400400 / 95400400@smp.no