Det som gjer dette mogleg, er eit samarbeid mellom meieriet, Tafjord Kraftvarme og Single Phase, som leverer varmepumper som jobbar berre i damp-fasen.

Meieriet i Ålesund er ikkje berre først i Norge med ei slik løysing, men først i verda.Som følgje av løysinga Single Phase har fått til, kan fjernvarmen løftast opp til 189–190 grader, som Tine treng for produksjon av damp til industriføremål. Målet til meierisjef Jan Heggem er at meieriet frå og med 2020 skal ha fasa ut all oljefyring. Vidare at ein har redusert bruk av naturgass. Men ikkje heilt.

– Naturgass må vi framleis bruke til å ta toppane, seier han.Knut Arve Tafjord, som har ansvaret for fjernvarme i Tafjord, fortel at Tine Meieriet Ålesund er første bedrift innanfor prosessindustrien i Ålesund som dei skal levere til. Det er her snakk om ei mengde på 4 GWh i året.

Like mykje om sommaren

– For Tafjord er avtalen viktig, i og med at meieriet vil bruke like mykje energi sommar som vinter, forklarar Knut Arve Tafjord.

Han ser for seg at etter kvart kan fleire prosessbedrifter knyte seg på fjernvarmenettet.

Tine Ålesund skal byggje eit tilbygg på 100 kvadratmeter til varmepumpene, og meierisjef Jan Heggem reknar med at det vil stå ferdig til sommaren 2015.

Fjernvarme frå 2016

Tine Meieriet Ålesund har hatt naturgass som energikjelde saman med straum, sidan 2006. Den 10-årige leveringsavtalen for naturgass går ut i 2016. Frå då av kan ein ta i bruk fjernvarme for fullt.

Meieriet investerer rundt tre millionar kroner og Tafjord ein million kroner. Prosjektet har fått støtte både frå Enova og Innovasjon Norge.På landsbasis har Tine som mål å kutte all bruk av fossil olje og kutte utslepp av klimagassar med 30 prosent innan 2020. Reduksjonen i Ålesund inneber fem prosent reduksjon av Tine sine utslepp.