Det er no klart at KrF framleis vil ha ordføraren i Giske kommune.

Harry Valderhaug vert ordførar og Britt Giske Andersen (V) vert varaordførar.

Ordførarvalet vart gjort gjennom votering mellom alle partia som var samla på eit møte i dag. KrF fekk støtte av Venstre og Høgre.

– Det vart lagt til grunn at det største partiet fekk ordføraren, fortel Valderhaug.

Ifølgje han er det ikkje nokon bindande avtale mellom partia. Dermed må KrF søke fleirtal frå sak til sak. Men Valderhaug bekreftar at det ikkje er unaturleg at dei vil først søke samarbeid med dei partia som støtta dei først.

– Eg har respekt for alle kandidatar og representantar – dei har sine veljarar bak seg –  og det er ingen bindande avtaler. Likevel er det ikkje unaturleg å vende seg mot dei som støtta oss først, seier han om politikken som vil verte ført dei neste åra.

Etter valet har KrF seks mandatar, Venstre fire, Arbeiderpartiet fire, Høgre tre, Tverrpolitisk liste Giske tre, Framstegspartiet to og Senterpartiet eit. Ein må ha 12 for å få fleirtal.