Sjølv om været forsøkte å stoppe det heile, gjorde det ikkje det. Sjå bildeserie frå Grand Prix her!

I overkant av 30 sjåførar var førehandspåmeldt, og gleda var stor og jubelen stod i regnskyene da speaker Arild Hjelle åpna showet. Nytt av året var at det var to klassar. Ei for dei klassiske trebilane, og ei klasse for dei med noko meir solid og tung ramme.

Ein etter ein sette dei utfor lasteplanet på redningsbilen, og vart klokka inn i bunnen av bakken. Med Røde Kors på plass var også sikkerheita teken vare på. Arrangementet er i regi av FAU ved skulen, og sponsorar er med på å gjere dette til eit godt økonomisk tiltak også.

- Vi ser at dette er noko som engasjerer folket her, fortel Jens Kåre Nygård.

- Det skal vere greit å kome med ein bil laga av to tom-fire, men også for dei som legg meir energi og kunnskap om bilbygging i det. Vi ser at det også er andre slike løp rundt omkring, blant anna i byen, og vi utfordrar dei til å bli like store som oss, det hadde vore berre kjekt.

Arrangementet vart avslutta med premiar. «Ludvikprisen» til den som tok det roleg, «Reodorprisen» til mest orginale bil, i tillegg til premie for raskaste tid.

Les meir i Sunnmørsposten mandag.

Det kan gå hardt for seg under Grand Prix. Foto: Ole Henrik Wahlquist
Ein av førarane i aksjon i Mauseidvågen. Foto: Ole Henrik Wahlquist