Lærarmangel:

Gamle gubbar held ut

Korleis skaffe nye lærarar. Det er tema når skuletoppane samlast til møte på Valderøy i dag. Ute i gangen tuslar eit par gamle gubbar. Dei nektar å slutte.
Ålesund og omland

Odd Sæther og Asbjørn Røsås har for lengst motteke sine første brev frå NAV.

Dei vert begge 68 år i år, men slutt. Nei, det gjer dei ikkje.

– Men eg tek eit og eit år no, seier Odd Sæther.

Oppsigelse

Asbjørn Røsås var veldig nær ved å slutt. Oppsigelsen var ferdig skriven.

– Men så fekk eg det ikkje til. No blir det eit år til. I alle fall. Det spørst om nokon er ærleg nok og seier at no er eg gått ut på dato.

Drivkrafta til desse to lærarane på Valderøy ungdomsskule er lik. Dei trivast veldig godt med arbeidet blant ungdom. Dei har det kjekt i kvardagen på skulen og ser ingen grunn til ikkje å framleis ha den gleda arbeidet gir.

– Men det er ein annan skulekvardag i dag enn då vi starta som lærarar på Vigra på 60-talet, fortel dei to.

Neiing

I dagens ungdomskulekvardag vert det lite 3. person og neiing for dei to skuleveteranane. Men lærarrolla er dei levande opptekne av.

– Skulen har hatt mange endringar. Mange har vore positive. I dag er samarbeidet mellom lærarane langt meir aktivt. Vi kan hjelpe kvarandre med nye idear og drive ideskaping. Strukturen i undervisninga er tydelegare. Men vi har og kome nær ei grense når det gjeld kravet til dokumentasjon. Det er ille viss lærarjobben vert kontorarbeid.

– Vi har eit yrke i kryssingspunktet mellom entertainer og kunnskapsformidlar. Det er denne utfordringa som gjer kvar dag til ei utfordring, seier Røsås.

Nettopp formidlardelen av lærarrolla meiner Odd Sæther er sentralt for at norsk skule skal vere god.

– Ei periode var vi i ferd med å tone ned lærarens plass i skulen. Elevane skulle ha ansvaret for eiga læring. Læraren kom i bakgrunnen. Det var ei feilvurdering.

Endring

Men tru ikkje at dei meiner alt var betre før, akkurat som dei ikkje meiner alt var dårlegare heller.

– Skulen har endra seg. Om det er betre? Den er annleis. Odd Sæther let seg ikkje presse til å vere kategorisk nokon av vegane.

– Mange spør om det var lettare å vere lærar før. Kanskje det skulle vore spurt om det var lettare å vere elev før, skyt Røsås inn.

– Elevane er nok meir flyktige. Samfunnet er meir samansett.

– Kva med lærarane. Er dei endra?

– Dei er yngre. Latteren fyller rommet.

– Men bortsett frå det er dei nok like uførebudde på kvardagen når dei kjem ut frå lærarutdanninga som vi var. Dei er nok ikkje utlærde når dei kjem hit. Skulekvardagen og lærarutdanninga er ikkje alltid same verd.

– Så dei gamle gubbane veit best altså …

---- – Nei. Det som gjer skulekvardagen spennande både for lærarar og elevar er nettopp dette møte mellom idear og erfaring. Det kjem stadig nye, unge, lærarar med idear, nye måtar å gjere ting på og ikkje minst mykje kunnskap.

---- Begge vert 68 år i år og vil halde fram i første linja i alle fall eit år til.

– Vi er mange som skal ut i løpet av dei neste ti åra! Ja, kanskje litt før. Det er viktig at det vert rekruttert nye. Det vi kan garantere er at det ikkje er ein keisamt jobb som ventar, seier Røsås.