Har funne hovdingsetet på Giske

– Vi har funne dei første arkeologiske spora som kan knytast til storgarden til Arnungane på Giske.

Her må ha vore mykje folk og matlaging til fest for mange.

Asle Bruen Olsen
Ålesund og omland

Forskarane Asle Bruen Olsen og Anne Karin Hufthammer frå Bergen Museum leier utgravingar på Giske. På begge sidene av mellomalderkyrkja finn dei og hjelparane spor etter folk som har budd og ete godt.

– Vi grev i utkanten av gardsområdet. Dersom vi hadde fått grave meir hadde vi funne sjølve garden. Dette er eg heilt sikker på, seier arkeolog Asle Bruen Olsen. Han seier at dei har grave lite, men funne mykje.

Tilbake i vikingetida

Vi er tilbake i vikingtida på 800- og 900-talet, og framover 1000-talet då brørne Torberg og Kalv Arneson frå Giske stod på kvar si side i slaget på Stiklestad. Dei kom frå ein gard der det budde mykje folk og som var senter for kontroll med handel og skipsfart.

– Vi veit at Giske-ætta budde her og nokon meiner at Torberg bygde det første kapellet på Giske som var eitt av dei første kristne gudshusa i Noreg, seier Asle Bruen Olsen.

Her var det godt fiske og mykje jordbruk i den gode jorda.

I utkanten av gardsområdet aust for Giske kyrkje har dei funne spor etter ard som var den tids plog. Svarte strekar i molda fortel at her pløgde vikingane ved hjelp av hest eller okse.

Storfestar

– I same området har vi funne store kokegroper som er typiske for vikingtida, fortel han.

Det er ikkje små groper for å lage mat til ein familie, men svære anlegg der dei kunne grille heile oksar og svin.

– Her må ha vore mykje folk og matlaging til fest for mange, seier han. I området er det også mindre groper som kan skrive seg tilbake til folkevandringstida på 400-talet.

Asle Bruen Olsen meiner at stadnamn på øyane som Kongshaug og anlegg som Eilivrøysa, tyder på at her før vikingtida varfleire hovdingar. Men at makta samla seg på Giske.

Fann avfall frå vikingar

Vi ymtar frampå om Giske kan samanliknast med Avaldsnes der Harald Hårfagre heldt til. Slik samanlikning er han varsam med, men Asle Bruen Olsen seier at andre stader som kan samanliknast med Giske er mykje øydelagde. Her er spora godt bevarte under slåttemark, men mynt og edelt metall har dei ikkje funne enno.

Vest for Giske kyrkje har dei også grave opp eit felt.

– Her har det vore ei grop der vikingane kasta bein og avfall. To dateringar av funn viser at dei er frå vikingtida, fortel Anne Karin Hufthammer som er ekspert på beindatering.

Her har folket på storgarden kasta slakteavfall, bein, kjevler og tenner frå fleire sortar dyr.

– Men vi har også funne bein av fisk. Her har vore svært stor fisk. Bein av digre langer og sei ligg att her, fortel ho.

Fiskeeksport

Arkeologane meiner at det var her produksjonen av tørrfisk i Norge til eksport starta, og at produksjonen seinare vart flytta nordover på grunn av meir stabilt tørkever.

På eitt av felta har dei funne spor at noko som kan ha vore keramikkomn eller omn der dei har kokt olje av spekk.

– At det var på Giske tørrfiskproduksjonen tok til er for oss meir enn ein hypotese. Vi skal finne ut om det var slik, og det gjer vi ved å samanlikne funn i England med funn her. Innhald i beina kan fortelje kvar fisken kjem frå, seier arkeologane.