Kjærkomne kyllingar og påskeglede

Pip-pip! Det er påske!

  Foto: Morten Hjertø

  Foto: Morten Hjertø

  Foto: Morten Hjertø

Ålesund og omland

Fire svarte og éin gul påskekylling spreier påskeglede blant små og store i Daggry barnehage på Valderøya. Sprell levande utforskar dei lodne små sjarmørane verda utanfor buret sitt.

Les flere nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Før påskeferien inviterte den kristne barnehagen foreldre og sysken til påskefrukost. Også Sunnmørsposten fekk då kaffi, gode rundstykker med egg – og helse på dei populære påskekrabatane. Kyllingane er klekkja i barnehagen og kom ut av skalet tre-fire dagar før palmehelga.

– Den gule er mest kosete. Og alle saman et kylingmat, får vi vite av Daggry-barna.

Sjå video om dei små nøsta her

Rugekasse på personalrommet

Dette er fyrste gong på mange år at barnehagen har eigne kyllingar i hus til påskehøgtida.

– Vi har hatt det før, og nokre av foreldra lurte på om vi ikkje kunne prøve det igjen. Og det ville vi. Frå ein gard på Vigra fekk vi egg, som vi har hatt i rugekasse inne på personalrommet, fortel Marte Tolo Skjong, ein av dei pedagogiske leiarane i barnehagen.

Undervegs i den tre veker lange rugeperioden har personalet skifta på å ha «rugevakt» også i helgane, og snudd egga til faste tider. Både hos små og store har spaninga bygd seg kraftig opp etter kvart som det nærma seg termin.

Og sjølv om det ikkje var liv i alle egga, var gleda stor då det peip ut kyllingar frå nokre av dei, akkurat i tide til påske.

Påskesymbol

Gule påskekyllingar er eit populært påskesymbol her i landet. Kyllingen er som egget eit symbol på nytt liv. I påska er også kyllingen eit symbol på oppstoda; Kyllingen bryt ut av skalet slik som Jesus braut ut frå grava. Samtidig er gult solfargen, og eit teikn på varme og glede.

Gledesbodskapen

Ved Daggry barnehage, som vert driven av Sunnmøre Indremisjon, legg ein vekt på påskebodskapen som ein gledesbodskap.

– Vi fokuserer ikkje så mykje på det med døden, men at Jesus lever og gleda over det, seier styrar Kari-Lise Ose Nordstrand. Barnehagen har elles meistring og glede i naturen, som hovudtema i dette barnehageåret.

I den påskepynta barnehagen er fellesfrukosten før høgtida elles som i barnehagar flest. Ei koseleg stund i lag, markering av høgtida – og ei god anledning til å vise pappa eller mormor kva små hender har laga i barnehagen.

Daggry har også eige barnekor, som i sine grøne T-skjorter gladeleg song for dei frammøtte frå avisa. Både om Jesus som lever i dag og den vesle kyllingen som i egget låg. Dagen før hadde koret med dei mange smårollingane også sunge under barnehagegudstenesten i kyrkja.

Påske på badet

I sjølve påskeveka held barnehagen stengt.

– Men kvar skal kyllingane gjere av seg då?

– Då skal ho Marte ha dei!

For «sjefshønemora» i Daggry barnehage betyr det ein påskeferie litt utanom det vanlege.

– Familien skulle eigentleg på Bjorli i påska, men no må vi vere heime og passe kyllingane. Det går bra, ungane synest det er kjekt, smilar Marte.

Etter ei påskeveke på badet heime hos ho Marte, skal kyllingane tilbake i barnehagen for nokre dagar.

Før dei får kome heim til hanefar, hønemødrene sine og våren på Vigra.

Følg smp.no på Facebook