Her fortel seglaren om brannen

Dei to som måtte forlate ein brennande seglbåt i Hessafjorden natt til onsdag var onsdag ettermiddag tilbake ved den utbrende båten saman med Redningsselskapet.

  Foto: Arnfinn Tønnesen

  Foto: Roger Engvik

Ålesund og omland

Den eine av mannskapet, Svein Peder Vågnes frå Sula, seier at det som er igjen av båten ikkje ligg til fare for andre. Båten ligg i fjøra ved Storura på Sula.

- Båten ligg godt og stødig på skjeret. Men det skal jo fjernast etter kvart, seier Vågnes til smp.no.

Det var rundt midnatt natt til onsdag at brannen oppstod i salongen på den heilt spesielle og nyrehabiliterte seglbåten «Yapuka». Båten har vore til ombygging over lengre tid.

Shetland Race

Eit av dei store måla i år har vore Shetland Race, som startar 20. juni.

– Eg har leita lenge etter ein båt som er rask og som eignar seg på Vestlandet, sa Vågnes til seilmagasinet.no tidlegare i år.

Det er Svein Peder Vågnes og Kåre Gunnar Molvær som har organisert turen saman med erfarne sjøfolk. Tidlegare i sommar har mannskapet vore på fleire turar for å køyre inn mannskap og teste båten, skriv sulamitt.no.

No blir det ikkje Shetland Race i år for Vågnes og mannskapet på 11.

Starta i salongen

- Brannen oppstod i salongen. Vi var to gonger ned i det røykfylte rommet for å forsøke å sløkke, slik skal ein jo ikkje gjere, men i affekt forsøkte vi. Eg fekk lettare brannskader, og den andre fekk røykskader. Så forsøkte vi å køyve lufttilførselen ved å stenge alle spjeld og luftinntak. Vi jobba på spreng. Og ei stund trudde vi faktisk at vi hadde det under kontroll, fortel Svein Peder Vågnes.

Men samtidig gjorde dei klar flåtar i tilfelle det ikkje skulle gå bra. Og dei var klar over dei farlege gassane som ofte blir danna ved brann. Derfor la dei båten med hekken slik at røyken dreiv vekk frå dei som var om bord.

Måtte gje opp

- Men etter 30-35 minutt slo flammane gjennom dekket. Då forstod vi at vi ikkje hadde meir der å gjere og gjekk i flåte, fortel han.

Etter ytterlegare ti minutt kom redningsskøyta, som dei hadde kontakta på telefon sidan VHF-en stod i salongen.

Den båtvante seglaren, som til dagleg jobbar i ferjeselskapet Norled, er naturleg nok glad for at mannskapet er berga.

- Det gjekk heldigvis bra med oss. Til sjuande og sist er det det som betyr noko.

- Men det var ein fantastisk båt, og ein heilt spesiell båt, så det er utruleg tragisk at den no ikkje er meir, seier Svein Peder Vågnes.

Sjå også: Seilbåt opp i røyk
Sjå også: Her brenner seilbåten