Det er ei eventyrleg historie Kristin Syltevik frå Kipervikgata i Ålesund i dag skal fortelje på konferansen NæringsDriv – 30 år etter at ho flytta frå byen.

Etter fleire år i PR-bransjen i London satsar ho og familien no på økologisk gardsdrift og vinproduksjon i Sør-England.

Engelsk vin

Siste åra har dei planta ut over 80 mål med vinranker, og i oktober er det klart for første hausting.

– Vingard er business, og engelsk vinindustri opplever no stor oppgang. Det er blitt populært å drikke engelsk vin, fortel Syltevik som også har 250 sauer og 400 lam på garden som ligg ein time med toget sør for London.

Dei driv også med kornproduksjon og turisme.

Musserande vin

Syltevik har i seinare år teke utdanning med tanke på å drive vingard. Og ho synest det er svært spennande det ho no satsar på. Planen er å lage rosevin og musserande vin.

Sør-England er ikkje det området vi tenkjer først på når det gjeld vinproduksjon.

– Det er på grensa av det som går an, men vinproduksjon i dette området er muleg på grunn av global oppvarming og klimaendringar, seier Syltevik.

Druene ein får gir akkurat rett balanse for musserande vin. Og Syltevik har snakka med folk som seier at området er som i franske Champagne for 40 år sidan.

Økologisk

Satsinga på økologisk produksjon er ikkje tilfeldig.

– Det er populært med økologisk kjøtt og vin i England, og folk er meir bevisste på kva dei et, seier Syltevik som også synest det er viktig at dyra blir meir lykkelege og at ein bruker mindre kjemikaliar.

– Kjem vi til å kunne kjøpe vinen i Norge?

– Eg vil gjerne eksportere til Norge, men har ikkje undersøkt dette. Viss nokon er interessert, så er det berre å ringe, seier den tidlegare PR-kvinna.

120 tilsette

Som 18-åring reiste Syltevik til London og studerte marknadsføring. Deretter fekk ho jobb i PR-bransjen. Etter kvart starta ho selskapet Hotwire, som spesialiserte seg i rådgiving for IT-bransjen.

Då ho selde seg ut hadde selskapet 120 tilsette i fleire Europeiske land, samt i USA, Australia og New Zealand.

Eit raskt søk på internett tyder på at Syltevik har halde ein låg profil i media. Men i samband med sal av selskapet blei ho intervjua av Dagens Næringsliv. Her går det fram at salet har gitt henne 55 millionar kroner.

– Stemmer dette?

– Nei, det stemmer ikkje. Og eg vil ikkje snakke så mykje om pengar, seier Syltevik som likevel vedgår at salet gav god startkapital til satsinga ho no gjer på økologisk dyrking.

– Du kunne valt å nyte livet, utan å arbeide når du selde firmaet?

– Det er ikkje min stil. Eg synest det er moro med nye utfordringar. Og det eg no gjer er veldig kjekt, seier ho som jobbar på garden saman med mannen. I tillegg har dei to fast tilsette, men baserer seg også på firma som leiger ut arbeidskraft.

Sunnmøre

– Kva trur du bakgrunnen din frå Sunnmøre har hatt å bety for karrieren din?

– Eg trur at sunnmøringar har gode taleeigenskapar. Og det er stor entreprenørskapsånd på Sunnmøre, med mykje mot. Og dette trur eg har påverka meg også, seier Syltevik som ofte er heime i Ålesund og synest det er fantastisk med direktefly frå London til Vigra.

<strong>vingard:</strong> Over 80 mål med vinranker er planta ut og blir økologisk dyrka.