Politiet melder at føraren av ein personbil omkom, i ei trafikkulukke på Ellingsøy ved Ålesund måndag føremiddag.

Politiet karakteriserte tidleg ulukka som alvorleg og sa at begge sjåførane var gjort greie for.

Vogntoget kom austfrå og kolliderte med personbilen, og begge bilane hamna i sjøen.

Firmaet som vogntogsjåføren køyrer for stadfester at sjåføren kom seg ut ved eiga hjelp og svømte til land. Han er frakta til legevakta ved Ålesund sjukehus.

- Det er ingen grunn til å tru at det var meir enn ein person i kvar bil, men det er søkt i sjøen etter personar for sikkerheits skuld, seier politiet sin innsatsleiar Arve Myklebust til Sunnmørsposten.

Vegen stengt

Vegen lengst vest på Ellingsøya er stengt, og politiet melde litt før klokka 10 at det vil vere omkøyring om Brusdalen.

Først ved 18-tida opplyser politiet at fylkesveg 107 forbi ulukkesstaden var ope for vanleg trafikk.

Personbilar kan køyre gamle Grimstadvegen for å kome rundt ulukkesstaden, større bilar må køyre om Brusdalen.

Kriminalteknikarar har jobba på staden mandag for å forsøke å finne årsak til ulukka.

Ulykka skjedde på ei rett strekning på fylkesveg 107, rundt klokka 09.30.

Dykkarar var ved 09.40-tida på plass i området.