Varma Tone med frisk Idol-audition

Jørn Trollebø Kvalheim frå Vågsøy lokka fram frysningar i dommarpanelet.

HELDT NERVANE I SJAKK: Jørn Trollebø Kvalheim var nervøs før framføringa, men slo til og sikra seg plass i neste runde av Idol.  Foto: Tv2

Nyheter

I onsdagens episode av Idol på Tv2 drog 22-åringen frå Måløy til med "Love is all" av The Tallest Man On Earth. Det likte dommarane.

- Eg fekk frysningar, men vart varm inni meg, sa Tone Damli Aaberge etter framføringa.

Og med eit ja frå alle dei fire dommarane er 22-åringen vidare til neste runde i sangkonkurransen.

Sjå sak og video på Tv2 sine nettsider: her