Stu­den­ta­ne som går ut frå Fag­skolen i Åle­sund går inn i fast ar­beid et­ter kort tid. Det­te vi­ser sku­len sine eig­ne un­der­sø­kin­gar. Eitt år et­ter at ung­do­ma­ne har av­slut­ta ut­dan­nin­ga, spør sku­len om kor­leis det gjekk med dei.

Så å seie alle er i ar­beid på det om­rå­det dei ut­dan­na seg til. Det kan vere ein el­ler to av års­kul­let som ik­kje er i ar­beid, og det kan ha man­ge år­sa­ker.

Følg smp.no på Facebook

Tysk­land har ei om­fat­tan­de ut­dan­ning på sli­ke yrkes­høg­sku­lar. Men fag­sku­len slit med å få fram for­de­la­ne med den­ne ut­dan­nin­ga, og dei slit med å få nok drifts­mid­del frå fyl­kes­kom­mu­nen som eig sku­len.

Dei fles­te ele­va­ne på land­si­da kjem frå Vg1 og 2, læ­re­tid og fag­brev. Mind­re­ta­let har fem års re­al­kom­pe­tan­se. Dei som vel sjø­sida har fag­brev og farts­tid.

– Like viktig som høgskulen

Styr­ken til dei som kjem ut frå fag­sku­len er at dei veit av eiga er­fa­ring kor­leis ting ver­kar, og dei har den teo­re­tis­ke kunn­ska­pen.

– Fag­sku­len er like vik­tig som høg­sku­len. Om fem til 10 år er nok sta­tu­sen til fag­sku­len heilt ann­leis enn i dag, sa Arn­finn Ing­jerd i Ma­ri­timt For­um Nord­vest på Fagskulekonferansen mån­dag.

– In­dust­ri­en må ha folk som har prak­tisk inn­sikt. Vi har ik­kje greidd å få bod­ska­pen ut, sa Tor Røn­ne­stad frå Jets.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Næ­rings­li­vet vil at sku­len har godt ut­styr. Når det of­fent­le­ge stil­ler med byg­nin­gar, lø­ner og fas­te kost­na­der, kan pri­va­te sjå kva ein får til.

– Fag­sku­len er ein av dei vik­ti­ge ut­dan­nin­ga­ne, sa Stig Bjør­ke­dal frå Vard. Medan det er raskt og bil­leg å ut­dan­ne ein in­ge­ni­ør i sku­le­sys­te­met, er ut­dan­nin­ga av folk gjen­nom er­fa­ring, både lang­sik­tig, dyrt og ar­beids­krev­jan­de.

Slik med gamalt utstyrt

Fag­sku­len slit med til dels ga­malt ut­styr, men flei­re sa at be­drif­ter vil låne ut nye mas­ki­ner til sku­len.

– Når vi som stu­den­tar vert kjent med spe­si­el­le pro­dukt på sku­len, kan det lett skje at vi kjø­per det same nes­te gong vi byg­gjer ny fis­ke­båt, sa ein av ele­va­ne.

Del­ta­ka­rar på kon­fe­ran­sen kri­ti­ser­te at ver­ken folk frå fyl­kes­kom­mu­nen el­ler Mø­re­ben­ken had­de fun­ne det bry­et verdt å møte fram, og det vart an­ty­da at det ret­te kan vere å kny­te ster­ka­re band mel­lom sku­len og næ­rings­li­vet.