Det seier forskar ved Institutt for samfunnsforskning, Guro Ødegård. Ho er mellom dei som no er på turne i kommune-Norge i samband med at kommunalminister Jan Tore Sanner vil ha fokus på få kvinner i kommunestyra.

Ulike forklaringar

Tysdag var ho i Vanylven og peikte på fleire ulike forklaringar på ulike nivå når det gjeld kvifor det er så få kvinner i lokalpolitikken. Ei forklaring er samansetning av dei lokale nominasjonskomiteane.

– Her sit gjerne menn over 50 år, og vel tre firedelar av dei står sjølve på lista. Dersom nominasjonskomiteane er like i alder, kjønn og sosial status, så går ein til sine eigne når ein skal rekruttere. Nominasjonskomiteane må vere sett breidt saman, for få grupper som er underrepresentert i lokalpolitikken inn i kommunestyra.

Fleire av politikarane i Vanylven var på talarstolen og snakka om kor vanskeleg nominasjonsarbeidet var sjølv om alle ville ha med kvinner.

Må ha pisk

Sølvi Brandal (Ap) tok fram hennar parti sitt krav om 50/50 fordeling.

– Alle har gode intensjonar, men av ein eller annan grunn, så får dei det ikkje til. Dessverre må det pisk til. Der ligg eit tankegods i botn hos menn som må endrast. Når dei skal velje, er det veldig lett å velje menn.

Arbeidarpartiet sytte for tre av dei fem kvinnene i kommunestyret i Vanylven. Guro Ødegård peikte også på at det var viktig med kvinner som var synlege i offentlegheita og som var brukte i det politiske systemet. Sølvi Brandal følgde opp med eksempel frå Vanylven der ho sjølv er einaste kvinnelege leiar i dei lokale valstyra.

– Og når vi skulle nemne ut komite til grunnlovsfeiringa, var det berre menn. Heldigvis tok lokalpressa opp dette, så vi fekk inn kvinner.

Handlingsmønster

Kvinner går ut av politikken raskare enn menn. Guro Ødegård seier vi veit for lite om korleis kvinner opplever lokalpolitikken.

– Vi treng ein breiare forklaringsmodell på kvifor kvinnene forlet politikken. I ein stadig meir likestilt kvardag, må det vere andre forklaringar enn dei tradisjonelle om omsorgs oppgaver heime.

Ødegård håper ein kan bruke prosjektet som no er sett i gang til å finne forklaringar i eit større forskingsprosjekt.

– Dette handlar ikkje om vond vilje, men om handlingsmønster som det er vanskeleg å få røska opp i.